mandag 4. mars 2013

Vekas bok



Denne veka har vi valt ei lettlest og morosam bok.

Selma Lønning Aarø: Vekevis, 80 sider

Selma Lønning Aarø er like vittig som alltid, og gjett om ho kler ei nynorsk språkdrakt! 

Vekevis handlar om ei jente som har satt seg føre å skrive ein erotisk roman. Men først; sommarferie til Danmark. Medan danskebåten skvulpar under henne oppdagar ho at ho er gravid. Og så har vi det gåande. 

I gravide-blada les eg om folk som blir frykteleg kreative av å vera gravide. Dei er "svangre i dobbel forstand" står det ofte. Etter å ha sett barnet sitt på ultralyd finn dei fram heilt nye måtar å mala, skriva eller laga film på. Kvifor hende ikkje dette meg då eg var på ultralyd?

---

Utanfor møter eg dama som bur rett over gangen for meg. Ho er rasande fordi ho har bestilt to handverkarar som ikkje har dukka opp. Ho har ein liten hund som alltid prøver å lukta folk i skrittet. - Ein kan ikkje stole på folk no til dags, seier ho. Hunden hennar prøver å slikka meg i skrittet. - Nei, det kan ein ikkje, seier eg. 

Vekevis er med i "Lett å lese"-serien, bøker som er meint overkommelege for dei som les lite, og som går unna i ein fei for dei som les mykje. 

Prøv deg på denne. Vi har ho i hylla.

- Ann Helen -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar