tirsdag 15. januar 2013

Vekas bok

Vekas bok handlar om utruskap.

Trude Marstein: Hjem til meg, 385 sider

Ove er lege, far til to og gift med Wenche. Dei har eit godt ekteskap og eit trygt liv. Problemet er berre at Ove blir så lidenskapeleg forelska i andre enn Wenche. Han møter andre kvinner og går fullstendig opp i dei. Han kjenner stadig eit sug etter noko meir enn Wenche kan gi. Han vil likevel ikkje forlate ho, han trivst i ekteskapet og lever dette dobbeltlivet ei god stund utan at nokon veit.

Boka er på ein måte delt inn i fleire epokar. Ho byrjar i 1978 og sluttar i 2010. I 2010 møter vi ein angrande Ove, 61 år og full av skyld over døtrene, sonen han no har fått, Wenche, hunden Solo og bestekompisen Tor-Helge. Når han tenkjer tilbake på enkelte minne med dei, hugsar han godt at han var fråverande fordi det einaste som sto i hovudet på han da var korleis han skulle greie å få treffe Lisbeth den dagen, eller Marion, eller kven det no var akkurat da. Ove er ein enkel sjel, han er sympatisk og snill, han har draget. Han er ikkje ein typisk drittsekk, men kastar seg inn i det, følgjer impulsane sine utan å tenkje kva konsekvensar det gir. Han lever i nuet, går inn i desse forholda med heile seg. Elskar kvinnene over alt.

Eg var litt skeptisk på om boka kunne bli litt langdryg, nesten 400 sider om Ove, men det var ingen problem. Tvert imot synest eg det var på sin plass. Vi fekk høyre om han når han var på forskjellige stadar i livet, måten han takla motgang og måten han ikkje takla det. Han kjem seg vidare og reflekterer stadig over om og kva han kunne gjort annleis. Marstein skriv godt, ho gir ein grundig personkarakteristikk av Ove og gjennom Ove.

Vi har ho på hylla.

- Ann Helen -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar